Grindabygg i norsk lauvtre på Kvamsøy i Balestrand kommune
Eit stort GRINDABYGG I LAUVTRE skal reisast på Kvamsøykaien i Balestrand. I samband med dette blir det arrangert både kurs og helgeseminar i grindabygging.
15. september 2005
Eikematerialet på biletet måler 38 x 38 cm
Kurset og seminaret arrangeres av Tretema AS i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Balestrand kommune.
Les meir om kurset i grindabygging 19 - 23 september
Les meir om helgeseminaret 24 og 25 september
Skjering av grindabyggmaterialer er i gang.
Skjering av lauvtrematerialer til grindabygget er no godt i gang. Vi skjer eik til stavar, 14 store eiker er vorten hogge. Ask skal nyttast til stavlegje og osp til betar. Ospestokkane som skal fungera som betar i bygget er ca. 8,5 m lange. Til sperrer vil vi nytta ulike lauvtreslag. Som ein kan sjå av bileta under er det solide tømmerdimensjonar det her er tale om.
Stor eikestokk |
Foto: Tretema AS |
Les meir om Tretema AS