Agder og Telemark kjøper inntil 9 000 m3 eiketømmer, melder NRK Telemark.
Dette er tømmer som skal videreforedles og leveres til det nye operabygget. Leveransen vil få stor betydning, ikkje bare økonomisk, men også symbolsk, seier skogbrukssjef i AT-Skog, Nils Aakre.
10. mai 2005
Eika skal brukast i foajeen, golv og balkongar.
Det er Øydna Sagbruk i Lyngdal som har bedt AT-Skog om eika, og bare råvareleveransen vil ha ein verdi på 5 til 6 millionar kroner. I tillegg kjem foredlinga.
Hastar med leveringa
- Vi skal gjere alt vi kan for at eika frå dette området kan bli eit utstillingsvindu for skogbruket i dette området, seier han.
Men, det hastar. Operaen skal stå ferdig i 2007.
Håpar på mobilisering blant skogeigarane
- Utfordringa er å få eiketømmer til det store inngangspartiet. Og i tillegg skal det vere eit stort golv, trapper og balkongar i eik, seier Aakre.
- Eika er jo ein tresort som skogeigarane har spart på i over hundre år. Trur du skogeigarane vil hogge eika nå?
- Det er jo det vi håpar på. Vi treng ei massiv mobilisering til å hogge eik til Den Norske Opera, seier Aakre.
Les intervjuet i NRK Telemark