Foreningen Norske Lauvtrebruk er en landsdekkende spesialforening for sagbruk som foredler lauvtrevirke

Lars Sponheim vil ha norsk eik i operaen

Lars Sponheim utfordrar trebransjen til å vere konkurransedyktige og syte for at det blir brukt mest mogleg norsk eik i den nye operaen i Oslo.

Lars Sponheim utfordrar trebransjen til å vere konkurransedyktige og syte for at det blir brukt mest mogleg norsk eik i den nye operaen i Oslo.

21. april 2005

Dette seier Landbruksdepartementet i ei pressemelding nyleg.

Nok virke å ta av
I det nye operabygget skal det vere 3000 m² eike-golv og ein vegg med eike-panel som er 100 meter lang og 20 meter høg. I operasalen skal alt av tre vere eik. For å levere dette trengs det om lag 10.000 m³ skurtømmer og 1000 m³ ferdig vare. - Det står i dag om lag 5 millionar m³ eiketømmer i norske skogar med ein årleg tilvekst på 160.000 m³. Det burde derfor vere nok virke å ta av, seier Sponheim. Han gir trebransjen honnør for å ha ei offensiv haldning og vere tidleg på banen.
Statsbygg har I desse dagar gått ut med nokre av dei mange formelle anbuda på dei mange leveransane og fleire kjem etter kvart. Trebransjen har allereie over tid vore i prosess med Statsbygg.

Eit utstillingsvindauge
- Norsk eik i operaen vil vere eit utstillingsvindauge for lauvtrebransjen, seier landbruks- og matminister Lars Sponheim, og oppmodar bransjen om å ta ein dugnad for å få dette på plass. Tømmeret skal leverast i løpet av 2006, og må hoggast til neste haust og vinter.

Se også intervju med Lars Sponheim i VG
http://odin.dep.no/filarkiv/243640/Eik-VG-140405.jpg


 

 

Siste nytt

Årsmøte i Foreningen Norske Lauvtrebruk

Årsmøte arrangeres den 24.10 hos Emne3, Hortensvn 220, Barkåker
19. oktober | Mer »

Fokus på trearkitektur

Det var byggematerialet tre som stod i fokus under den første nasjonale Trearkitekturkonferansen som ble arrangert i Oslo den 11. juni 2013.
Arrangørene var NAL, Arkitektbedriftene, Treteknisk og Foreningen Norske Lauvtrebruk.
(Foto: Knut W Alsen) Det var byggematerialet tre som stod i fokus under den ...
7. september | Mer »

Flere nyheter »

Logg inn | Bli medlem | Rapporter feil

Nettsidene er utviklet av Bjørge Næss

Vennligst skriv inn ditt brukernavn og passord for å logge inn.


   Glemt passord?