All you need is lauv
Verdiskapinga frå dei norske skogane kan aukast med ein tredel dersom skogeigarane nyttar betre ut lauvtrevirket, sa landbruks- og matminister Lars Sponheim då han åpna utstillinga Vestfoldlauv i går.
14. april 2005
Kvalitetsvirke
Sponheim viste til at det i dag blir importert lauvtrematerialar til Norge for om lag ½ milliard kroner. - Omsetnaden basert på norsk virke utgjer i dag lusne 5% av dette. Det rimer dårleg med at om lag ¼ av den produktive skogen er lauvtre, meinte han. - For kvalitetsvirke av lauvtre blir det betalt heilt andre prisar enn det vi er vane med for furu og gran, sa Sponheim, og viste til at beste pris for skurtømmer av eik er 1.470 kr pr. kbm. - Føresetnaden er at også lauvskogen blir stelt, slik at vi kan hente ut kvalitetsvirke frå denne, understreka landbruks- og matministeren.
Vestfoldlauv
Statsråd Sponheim stod for åpninga av utstillinga Vestfoldlauv, som fram til midt i juni står i
Det Norske Skogselskap sitt Galleri Løvtre i Wergelandsveien 23B i Oslo
. Utstillinga er åpen for alle interesserte. Åpningstidene følgjer kontortida, eller ta kontakt med Skogselskapet for særskilt avtale.
Lørdag 16 april blir det Åpen Utedag fra kl. 1100- 1700.
Her vil bli demonstrasjoner og aktiviteter som bl.a.:
Motorsagshow
Tredreiing
Høvling av trespon
Emner til båtbygging
Salg av emner og produkter
Eventyrhytte i eik
Spikking for barn
I tillegg vil det være mulig å besøke den spennende løvutstillingen inne. Denne inneholder bl.a. flotte husflidgjenstander, møbler , innredninger (bl.a. en svært spesiell vask i ask), panel og heltregulv.
Vestfoldlauv er eit forum for verksemder i Vestfold som arbeider med lauvtre. Medlemmene har sin eigen logo av eit askeblad. Dei lagar naturlege og ekte lauvtreprodukt. Det kan vere frå dei finaste husflidsting til panel, heiltregolv, møblar og emnevirke til båtbygging og pynteting.
Vestfoldlauv har delteke på fleire utstillingar, og vart m.a. nominert til Beste utstillar på Norges største Kunst- og handverksmesse på Lillestrøm i 2003.
Alle you need is lauv, var det lett omskrevne Beatles-refrenget, då landbruks- og matminister Lars Sponheim åpna utstillinga Vestfoldlauv.
Se Landbruksdepartementets hjemmeside
http://odin.dep.no/lmd/